Barnehagen i Bryne kyrkje

Barnehagen i Bryne kyrkje

Barnehagen i Bryne Kyrkje
Brynevegen 9, Boks 89,
4349 Bryne
 
tlf 51 48 02 36

Barnehagen i Bryne Kyrkje
Brynevegen 9, Boks 89,
4349 Bryne
 
tlf 51 48 02 36
 
Styrar: Rut Steinbru
mobil: 913 32 635
 
Tal på tilsette: 9
 
Opningstid: 07.30-16.30
 
Opphaldstid: 3-5 dagar pr veke

Presentasjon av Barnehagen.
Barnehagen starta i 1980, og har 24 plassar med barn frå 0-6 år.
Barnehagen held til i Bryne Kyrkje, og har stort uteområde med Mølledammen og sentrum som næraste nabo. Sandtangen ligg og i gåavstand, og vert mykje brukt til turar i alle årstider.
 
Eigar er Time kyrkjelege fellesråd, og barnehagen er med i kommunalt opptak og nettverk som er organisert av oppvekstetaten.
Basis for innhaldet i barnehagen er Den gyldne regel:
Det du vil andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei
 
Innhald og organisering:

Velkommen til å bli bedre kjend med barnehagen vår på heimesida og facebook:

 
Barnehagen har og ei lukka gruppe på facebook for foreldre og personale.
Denne brukar me til å legge ut magiske kvardagsøyeblikk, og innformasjon som til dømes månedsplanar.
 
Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf, og me formidlar innhaldet i den kristne trua gjennom bibelfortellingar, sangar, bøker og aktivitetar.
 
Barnegruppa:
På turar og i aktivitetar kan barna verte delt i mindre grupper. Me har aldersinndelte grupper kvar dag for at me skal sjå kvart enkelt barn kvar dag, og at dei får tilpassa aktiviteter og leik til deira utviklingsnivå.
Kvart barn har ein primærkontakt. Primærkontakta har eit særskilt ansvar for barnet, og er den som vil ta imot barn og foreldre i det første møtet med barnehagen.
 
Personalet:
Me har fortida 9 personale tilsett i ulike stillingar.
Me har eit stabilt personale med ulike kvalitetar og i ulike aldrar.
Felles er at me trivest i lag med barn, og legg vekt på å være aktive og engasjerte vaksne.
 
Foreldresamarbeid:
Me ønskjer samarbeid og dialog med foreldre/ føresette. Me har erfart at dette gir barnet samanheng og heilskap.
Me har rutiner for foreldresamtalar og foreldresamlingar, men legg og vekt på det daglege møtet i bringe- og hentesituasjonen.
 
Vil de ha meir informasjon om barnehagen er det berre å ringe eller ta turen innom!


Del denne artikkel på e-post