Pilegrimsvandring

Pilegrimsvandring


Komande vandringar.

2. påskedag  - 2. april 2018 kl. 11.00
Friluftsgudsteneste på plenen v/ p-plass i Nærlandsparken.  Vandring til Kriskrossen på Njærheim etterpå.

Jonsokdagen - 24. juni 2018 kl. 18.00
Vandring frå Tusenårsplassen v/ Obrestad hamn via "Stille rom" til Kristkrossen på Njærheim.

Olsok - 29. juli 2018 kl. 16.00
Vandring frå Tusenårsplassen v/ Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard.  Friluftsgudsteneste på Varhaug gamle kyrkjegard saman med Varhaug kyrkjelyd kl. 19.00.

Arrangør: Pilegrimskomitéen i Jæren prosti.

 


Pilegrimsvandring

Den ytre vandringa er som ei vanleg vandring. Reisemålet kan vera ein heilag stad, eit kyrkjebygg eller anna som er knytt til kyrkja. Den indre vandringa har retning mot Gud sjølv.
 Pilegrimsvandringa er ikkje ei flukt bort frå sjølve livet, men ei vandring med Gud for å få mot og kjærleik til å vera undervegs – i livet. Den ytre ramma for pilegrimsvandringa kan gje styrke til det indre livet. Her kan Bibel, salmebok og enkle liturgiar koma oss til hjelp. (Eit døme på liturgi sjå "Andakt undervegs" )

Det er merka ein pilegrimsveg langs Kongevegen på Jæren. Pilegrimsvegen går frå Varhaug gamle kyrkjegard og nordover til den tidlegare Stefanuskyrkja i Nærlandparken. Gå der pilegrimsmerkene er sett opp, og fylg dei blå merkene som syner kor Kongevegen går. Etter at du har passert hengebrua over Håelva, går du ein avstikkar til høgre opp til den gamle steinkrossen på Njærheim. Derfrå går du tilbake til elva og følgjer vegen vidare til Nærlandparken.Ein pilegrimstur kan du gå aleine eller saman med familie, vener og kolleger. Liturgien som er nemnt ovanfor de bruke på stoppa undervegs.

Avstandar:
Frå Varhaug gamle kyrkjegard til Hå gamle prestegard: ca 8 km
Frå Hå gamle prestegard til steinkrossen på Njærheim: ca 2 km
Frå Steinkrossen på Njærheim til Stefanuskyrkja: ca 4 km

 

Trykk her for å se Andakt underveis

 

Fred og alt godt! Velsigna vandring.

 

 


Del denne artikkel på e-post