Bli ettåring i prosjekt "UNG i TIME"

Bli ettåring i prosjekt

Vil du utvikle deg som leiar og disippel medan du får nyttig arbeidserfaring?
Har du lyst til å jobba i lag med andre i team? 

BLI ETTÅRING i prosjekt: «UNG i TIME»!
 
Vi søker etter tre ettåringar til prosjektet som har som mål å etablera og utvikla eit kristent tilbod for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Dei tre ettåringane vil ha sin base i kvar av desse kyrkjene, og samtidig jobba i lag om mange arbeidsoppgåver. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeide med ungdom i Den norske kyrkja.

Grip sjansen og søk!

DU:
Er glad i Jesus og glad i ungdom
Er engasjert og initiativrik
Er god til å samarbeide i et stabsfellesskap
Deler Den norske kyrkja si tru og vedkjenning
Har hatt eit år på bibelskule 

VI:

Har eit positivt og godt stabsmiljø
Har ein nytilsett prosjektleiar som i lag med andre vil fylgja opp prosjektet og ettåringane
Skaffar bustad felles for dei tre ettåringane
Ordnar bil som ettåringane kan nytta i teneste

INTERESSERT?
Skriv ein e-post med litt om deg sjølv og kvifor du vil vera ettåring i «UNGi TIME».

Send den til kyrkjekontoret@time-kyrkja.no innan 1. april 2019.

Viss du ynskjer å vita meir, kontakt dagleg leiar i Bryne, Bjørn Inge Hauge, bjorn.inge.hauge@time-kyrkja.no, 481 27 481.


Del denne artikkel på e-post