Di stemme tel!

Di stemme tel!

Tid og stad for førehandsrøysting til Kyrkjevalet

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!

Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved Kyrkjevalet 9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til og kommunestyre og fylkesting og i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Du kan også stemme på førehand frå 10. august til 6. september.


To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. 
Til soknerådsvalet har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til soknerådet og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. Dette er eit fleirtalsval, der du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet i Stavanger bispedøme stiller Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke lister. Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.
Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja.


Tid og stad for kyrkjevalet
Sjølve valdagen er 9. september, men det er ope for førehandsrøysting på Time kyrkjekontor, Erlandsbakken 5 på Bryne, 10. august til 6. september, måndag til fredag kl. 09.00 til 14.00 (torsdag kl. 9.00-18.00). Ta med valkort.

På valdagen må du gå til den valkrinsen du høyrer til. Dersom du er usikker på kvar dette er, sjekk valkortet eller ta kontakt med kyrkjekontoret 51 77 03 77.

Lye skule, Kvartsvegen 5B, 4347 Lye, 9.00-21.00
Hognestadhallen, Hågenholen 3, 4346 Bryne, 12.00-21.00
Undheim skule, Bjønnholen 10, 4342 Undheim, 12.00-21.00
Time rådhus, Arne Garborgsveg 30, 4340 Bryne, 9.00-21.00

Velkommen til Kyrkjevalet 2019!

Les meir om kyrkjevalet og kandidatane på https://kirken.no/valg/


Del denne artikkel på e-post