Diakoni - kyrkja si omsorgsteneste

 
Ifølge Bibelen nytta Jesus begrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjalp menneske. Han helbreda sjuke og han ga utstøytte ein plass i fellesskapet.

«Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kampen  for rettferd.» – Dette er definisjonen på diakoni.  Spennet er stort frå den kvardagslege omsorgen for naboen via arbeid for klima til internasjonalt engasjement for nedkjemping av fattigdom. 

Diakonien ønskjer å fremje respekt og verdigheit og vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får teke vare på rettane sine.

Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja.

Aktivitetar
20. februar 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Time kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando