Babysong og småsong

Babysong og småsong er kjekke samlingar der vaksne og barn syng, speler og dansar i lag. Samlingane varer omlag ein halvtime, og  inneheld blant anna namnesongar, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Songstunda er eit godt høve for foreldre til å få kontakt med barna.  

Song og musikk er viktig for barnet, og di stemme er den finaste babyen veit.

Velkommen til ei hyggjeleg stund for deg og babyen med song, rørsle og sosialt samver .

 

 

Babysong på Undheim

Babysong er ein del av tilbodet til den opne barnehagen i Undheim kyrkje. Barnehagen har ope kvar onsdag (følgjer skuleruta) mellom 10-12. Annakvar onsdag har me tilbod om babysong oppe i kyrkja. Dersom de har med eldre sysken kan dei vere igjen nede i kjellaren. Samlinga varer omlag ein halvtime frå kl 1030.

Det kostar 10 kroner per vaksen per gong i barnehagen. Pakk med lunsj og kom! Tilbodet om babysong er gratis.

Det er babysong desse datoane våren 2018:

17/1, 31/1, 28/2, 14/3, 11/4, 25/4, 9/5, 23/5

Velkommen!

Småsong i Lykkeliten opne barnehage

Småsong er ein del av tilbodet til Lykkeliten opne barnehagen på Lye forsamlingshus. Barnehagen har ope om lag annakvar onsdag (følgjer skuleruta) kl 0930-1230. Ca kl 1030 har me songsamling for alle som er i barnehagen.

Datoar våren 2018: 10. januar, 24. januar, 7. februar, 21. februar, 7. mars, 21. mars, 4. april, 18. april, 2. mai

Les meir om Lykkeliten her

 

Påmelding
Dei mørke felta må fyllast ut.
Fornavn:
Mellomnavn:

Etternavn:
f.dato: (dd.mm.åååå)
Adresse:
Postnr:
Poststed:
Mobil:
E-post:
Skriv inn E-post på nytt:
Vel Småsong på Lye eller Babysong på Undheim her.

Jungelkoret

I Brynekyrkja tilbyr me småsong i tilknytning til Jungelkoret. Les meir om Jungekoret her.

Kontakt