Invitasjonar
Barnebibel 4 år

 Me ønskjer å gje alle 4-åringar ei flott bok i gåve: Barnebibelen min.

 Her er det mange  spennande forteljingar og flotte bilete å sjå på. 

 Velkommen til familiegudsteneste der 4-åringane får  vere i fokus. 

 Her får de høyre ei forteljing frå barnebibelen og 4-åringane får komme 

 fram og ta i mot  kvar sin bibel. På gudstenesta vil de og få sjå og høyre 

 om andre tilbod barna kan få vere med på i  kyrkjelyden.

 Me håpar de vil bruke barnebibelen i heimen i etterkant. 

 

Foreldre og føresette er dei viktigaste til å  formidle kristen tru og tradisjon til barna. 

Me håpar denne barnebibelen kan gje mange gode opplevingar og samtalar.


Velkommen til gudsteneste!

 

     

 

 Datoar for utdeling:

       Undheim: 3. september kl 1030

       Bryne: 22. oktober  kl 1100. 

       Time kyrkje: 22. oktober kl 1100

       Lye forsamlingshus: 12. november kl 1030

 

Påmelding Undheim, Lye og Time her.

 

Velkommen til gudsteneste!

Kontakt

Ragnhild Hanssen

Kristine Åsbø