Dåp og dåpssamtale

 

Til lykke med det vesle barnet!

Det er med glede vi kvart år tek imot om lag 200 barn til dåp i kyrkjene i Time!

I dåpen vert vi Guds barn og tekne inn i den kristne kyrkja!

 

Når?

Dei fleste barna blir døypte i når dei er 2-4 mnd. gamle, men alderen kan variere.

Ta kontakt med kyrkjekontoret så snart råd for

  • å avtale dåpsdag.
  • avtale tid for dåpssamtale med presten.
  • melde frå om namn og personnummer til dåpsbarnet.
  • melde frå om namn på fadrane.

 

Fadrar:

Foreldra kan ikkje sjølv vere fadder, men de vel 2-6 fadrar som er minst 15 år.

Fadrane må vere medlem av Den norske kyrkja eller vere andre kristne som godtek barnedåp.

Tenk godt gjennom kven de vel til fadrar.

Det er fint å bruke besteforeldre, men nokre av fadrane kan med fordel vere på dykkar eigen alder eller yngre.

Fadrane si oppgåve er både å vere vitne om at barnet er døypt, og å hjelpe foreldra med å oppsede barnet i den kristne trua.

 

Dåpssamtale med presten:

Før dåpen har de ein samtale med presten, der ein m.a. førebur sjølve dåpsgudstenesta

 

”Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar…..”

seier presten til foreldre og fadrar i kyrkja på dåpsdagen, og minner oss om at dåpen er ei spesiell handling.

Ein ber barna fram for Gud og kyrkjelyden, og seier samtidig noko om at ein har valt å la dei vekse opp i ein kristen tradisjon og samanheng.

 

”Størst av alt” er eit program for dåpsopplæring som er under utarbeiding i kyrkja. Gjennom utvikling av eit systematisk undervisningsopplegg for barn og unge mellom 0- 18 år, vil kyrkja vere med å gje dei grunnleggjande erfaring i kristen tru. Etter kvart vil barna få invitasjon til ulike, alderstilpassa tilbod. Vi ser med forventning fram til mange flotte samlingar i lag med barna etter kvart som dei veks opp!

 

"Fylt av glede over livets under,

med et nyfødt barn i våre hender,

kommer vi til deg som gav oss livet!"

 

"Fylt av beven foran ukjent fremtid,

legger vi vårt barn i dine hender.

Det som skjer i dåpen gir oss trygghet!"

(Svein Ellingsen, Norsk salmebok nr. 618)

 

Her  finn du meir informasjon om korleis du går fram for å registrere dåpen.

 

Gud signe barnet, heimen og familien!

 

Velkommen til kyrkja – velkommen til dåp!

 

 

Kontakt

May Brit Merland Arnø

Prest

Inger-Kathrine Kjølleberg

Sekretær
 Send e-post

Steinar Sandvik

Dagleg leiar Undheim
 40007909
 Send e-post

Siri Vik

Assisterande kyrkjeverje
 Send e-post