Hausttakkefest 2 år

 I Undheim kyrkjelyd vert toåringane inviterte til  hausttakkefest. 

 Toåringen lærer mykje gjennom song, rytme og leik.  Som ledd i trusopplæringa, ønskjer kyrkja å gje toåringane ein CD med nyskrivne songar frå søndagsskulen. Her har ein laga flott melodiar med utgangspunkt i sentrale bibelvers. Ein kjempefin måte å lære ungane bibeltekstar på!

Foreldre/ besteforeldre/ fadrar/ andre nære omsorgspersonar for barna er dei nærmaste til å formidle barnetrua. Syng gjerne med barna, les for dei og be med dei. Det er mange  trygge, gode songar og bøner å velje mellom.

 

Invitasjonar vert sende ut. Hausttakkefesten 2019 vert 29. september i Undheim kyrkje kl 1030.

 

Velkommen!

 

 

Bygdekvinnelaget pyntar flott til gudstenesta!

 

 

 

 

Kontakt

Ragnhild Hanssen

Trusopplærar
Time og Undheim

 Send e-post

Ragnhild Hanssen

Trusopplærar Time og Undheim
 Send e-post