Konfirmasjon


Konfirmasjon tyder å stadfeste. Det er Gud som stadfestar at han står ved det som skjedde i dåpen. Konfirmanten skal ikkje stadfeste noko eller avgi noko løfte. Ein kan vere konfirmant sjølv om ein er usikker på om ein trur på Gud. 


Konfirmasjonsåret er ein moglegheit til å finne ut av kva ein skal tru og meina, og til å bli betre kjend med kyrkja, bedehus og forsamlingshus, rett og slett finna sin plass i kyrkjelyden.

Gjennom konfirmasjonsåret er me innom mange av dei største spørsmåla menneske kan gruble på. Samstundes skal det handle om det KONFIRMANTEN er oppteken av. Kort sagt handlar året om tre forhold; Konfirmanten sitt forhold til seg sjølv, til andre og til Gud. Finnest det noko viktigare? 


Her finn du meir informasjon om påmelding og konfirmasjonsdatoar.


Sjå også sida til Den Norske Kyrkja om konfirmasjon.

Kontakt

Ingfrid Time Nærland

Kateket
 Send e-post