Om trusopplæringa

Det skjer mykje rundt i kyrkjer, bedehus og forsamlingshus i Time. Kyrkja har ein eigen plan for trusopplæring der me for det meste har tidsavgrensa arrangement for kvart årskull. Me sender invitasjon heim i posten til desse arrangementa. Me håpar dette skal vere tilbod som gjer at barn og unge vert kjende i kyrkja si og at dei kan få mulighet til å knytte kontaktar slik at det vert kjekt å komme tilbake, anten i                                     regi av trusopplæringa eller og i det                                                               kontinuerlege arbeidet  i dei ulike kyrkjelydane.

 

 

Hovudmålet for trusopplæringa er:

Å vera ei raus og tydeleg kyrkje der alle barn og unge får hjelp til å leva livet sitt i tru, håp og kjærleik.

Me vil gjennom kunnskap og kjennskap gje alle døypte barn og unge hjelp til å få ein relasjon til den treeinige Gud:

- Gud - skaparen

- Jesus - frelsaren

- Den heilage Ande - hjelparen

Me deler tru og undring.

Me deler kristne tradisjonar og verdiar

Me deler opplevingar og fellesskap.

Me deler håp og kjærleik.

 

Foreldre og fadrar har ansvaret for å lære barna opp i den trua dei er døypt i. Dei aller viktigaste erfaringane med tru får barna heime. Kyrkja ønskjer å vere medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga. "Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. Gjennom faste, tidsavgrensa, alderstilpassa opplegg får alle barn og ungdom tilbod om systematisk og samanhengjande trusopplæring. Samlingane er prega av varierte arbeidsformar som t.d song/musikk, leik, forteljing, dramatisering, utprøving/ etterforskning, smågrupper, gudsteneste mm. Kyrkja er ein god stad for læring og ein god stad å vere saman med Jesus.
 

Velkommen til trusopplæring i kyrkja!

Kontakt