Plan B - Aktivitetsdag 6 år

Treng du ein Plan-B? Me inviterer seksåringane til ein 

kjekk dag i kyrkja ein av planleggingsdagane i skuleåret. 

Tema for dagen er skaparverket: "Gud skapar - me lagar" 

Me vil ha aktivitetar ute og inne. 


Foreldre/føresette leverer barna om morgonen      mellom 0800-0930 og hentar mellom kl 1400-1500.  

Det vert noko eigenbetaling denne dagen

 

Dato 2017: 17. november  

Stad: Undheim kyrkje

 

Påmeldinga opnar 17. oktober. 

Me har begrensa antall plassar denne dagen. Første mann til mølla!

 

Velkommen! 

 

 

 

 

 

 
Flott dag i Undheim kyrkje!

Fredag 18/11 2016 var 21 seksåringar samla i Undheim kyrkje mellom kl 0800-1500. Dagen var variert med leik, undervisning, gruppeaktivitetar og tur. Ungane fekk syngje, male, teikne, lage mat og ute hadde me sporleik. Tema for dagen var Gud skapar - me lagar. Me fekk høyre om Gud som skapte verda og ungane fekk lage eigne ting ut frå det Gud har skapt.

Takk til ein fantastisk flokk med leiarar og ikkje minst ein super gjeng med seksåringar! Me gler oss allereie til neste år!

                  

          

Kontakt

Ragnhild Hanssen

Trusopplærar
Time og Undheim

 Send e-post
Oppsett av påmeldinger