I Undheim kyrkjelyd vert toåringane inviterte til hausttakkefest.
Toåringen lærer mykje gjennom song, rytme og leik. Som ledd i trusopplæringa, ønskjer kyrkja å gje toåringane ein CD med nyskrivne songar frå søndagsskulen. Her har ein laga flott melodiar med utgangspunkt i sentrale bibelvers. Ein kjempefin måte å lære ungane bibeltekstar på!
Foreldre/ besteforeldre/ fadrar/ andre nære omsorgspersonar for barna er dei nærmaste til å formidle barnetrua. Syng gjerne med barna, les for dei og be med dei. Det er mange trygge, gode songar og bøner å velje mellom.