Ettåring i ungdomsarbeidet


Vil du bli ettåring frå hausten 2021?

 

Usikker på kva du skal gjere til hausten? Kunne du tenkt deg å bruke eit år som eittåring? Vere med å gjere ungdomsarbeid i kyrkja?

Me ynskjer at du brenn for at ungdom skal bli kjent med Jesus og kan vera med å bidra positivt inn i ungdomsarbeida våre på Bryne og Lye. Du vil få spennande og varierte kvardagar. Ein fleksibel praksisplass og tett oppfølging. Du blir ein del av eit kjekt team med tre ungdomsarbeidarar som har kontor i sentrum av Bryne. Ungdomsarbeida Varden på Lye og UngFokus på Bryne er begge tilknytt kyrkjer i Time. Du blir også ein del av ein fantastisk storstab på rundt 20 personar.

Høyrest dette interessant ut så er det kanskje deg me er på utkikk etter. Ta gjerne kontakt med Asle Steinbru viss du har spørsmål eller er interessert. Anten via mail asle.steinbru@timekyrkja.no eller tlf. 97979771.

Tilbake