Digital trusopplæring


Her legg me ut info om korleis me formidlar trusopplæring via digitale plattformer i tida me no er inne i.

 

Me som jobbar i trusopplæringa ønskjer fortsatt å vere til stades for born og unge, sjølv om me ikkje har dei vante treffpunkta lenger. Me bruker facebooksidene våre aktivt, og legg mykje informasjon ut der. Der kan de finne samlingsstunder for borna, og me deler mange kjekke lenker og tips for å hjelpe til med trusopplæring i heimane, og for å gje born og unge noko kjekt og spennande å vera med på.

 Alt dette finne de info på på facebook-sidene våre:

Time og Undheim

Brynekyrkja

Godt nytt for born

Me legg jamnleg ut små samlingar på facebooksidene våre. Desse kallar me "Godt nytt for born". Alle samlingane er også å finne på "Den norske kyrkja i Time" sin youtubekanal. Det kan vere eit tips å abonnere på denne kanalen, så vert de oppdaterte når det vert lagt ut noko der. Me håpar mange vil klikke seg inn og sjå desse samlingane!

 

 

Tilbake