Pilegrimsvandring


Pilegrimsvandringar på Jæren sommaren 2020

 

 

Søndag 14.06.2020 -  Pilegrimsvandring mellom Egersund og Ogna kyrkjer.

Frammøte ved Egersund kyrkje til kl. 10.30. Vandringa går langs Kystleia via Maurholen, Hellvik og til Ogna kyrkje.

Det går an å slutte seg til vandringa undervegs.

Vandringa vert avslutta med kveldsbøn i Ogna kyrkje kl. 17.45. Ferdig til kl. 18.20.

Det blir anbefalt å bruka tog til Egersund, og frå Ogna heim igjen, etter vandringa.

Arrang.: Samarbeid mellom Pilegrimskomitéane i Dalane og Jæren prosti.

 

Onsdag 24.06.2020 Jonsok/St.Hans -  Pilegrimsvandring med start kl. 18.00 frå «Tusenårsplassen» på haugen ovafor Obrestad hamn.

Vandringa går via «Stille rom» i Obrestad fyr til «Kristkrossen» på Njærheim gamle kyrkjegard, og tilbake.

Vandringsleiar er Ola Undheim.

Arrang.: Pilegrimskomitéen for Jæren

 

Onsdag 29.07.2020 Olsok -  Pilegrimsvandring med start kl. 16.00 frå «Tusenårsplassen» på haugen ovafor Obrestad hamn.

Vandringa går sørover langs Kongevegen/Kystleia, og sluttar seg til friluftsgudstenesta kl. 19.00 på Varhaug gamle kyrkjegard.

Vandringsleiar er Stein Ødegård.

Arrang.: Pilegrimskomitéen for Jæren

Tilbake