Oppdatert info om koronasituasjonen


Her blir oppdatert info frå kyrkjekontoret lagt ut jamnleg. I tillegg kan de sjå kyrkjene sine facebooksider for informasjon om arrangement, avlysingar og kontakt.

 

Noko barne- og ungdomsarbeid vil starta opp att frå 20. januar. Følg med på kyrkja si heimeside for meir detaljert informasjon om dei ulike tiltaka. Gudstenester ut januar er avlyst i kyrkjene ut januar, men få med deg gudstenester nokre sundagar digitalt frå Bryne kyrkje.

Dåpshandlingar og vigsel blir gjennomført med maks 10 personar til stades. 

Retningslinjer for gravferd vil halde fram med maks 50 deltakarar til stades.

Kyrkjekontoret er ope for publikum.

Barnehagane er opna i tråd med nasjonale retningslinjer.

Denne artikkelen vert oppdatert etterkvart som ny informasjon vert tilgjengeleg.

Tilbake