12hours festival


 

Bli med på ein kjekk dag med mange ulike aktivitetar i og utanfor hallen. 12H-festival er : "En omreisende festival der barn og unge får oppleve aktiviteter, forkynnelse og musikk, med Jesus som naturlig midtpunkt".

 

 

12Hours festivalen vert arrangert av lokallaget «Skjærgårds LIVE Time» i samarbeid med kyrkjelydane våre og "Stiftelsen Skjærgårdsgospel". Festivalen vert arrangert i idrettshallen på Undheim, og er ein festival for alle frå 5.-7. trinn i Time, Undheim og Bryne sokn. Bli med på ein dag full av fart og moro!

Les meir på www.24festival.no

 Når du melder deg på 12Hours får du tilbod om medlemskap i Skjærgårds LIVE Time. Då vil kr 100,- av di betaling være betaling av medlemskontingent for året 2020. Dette er heilt frivillig og uforpliktande, kostar ingenting ekstra, og hjelper oss mykje! Medlemskapet inneberer at Skjærgårds LIVE oppbevarer dine oppgitte personopplysningar i sitt medlemsregister i tråd med Sg si LIVE’personvernerklæring (sglive.no/personvern) og sender deg informasjon om medlemskapet og medlemsfordelar. Du kan finne meir informasjon om medlemskapet her: 24festival.no/medlemskap.

Invitasjonar vert sende ut.

Velkommen!

Tilbake