Tårnagenthelg


 

 

Går du i tredje klasse? Bli med på ei spennande helg i kyrkja. Tårnagentane må utføre mange ulike oppdrag der me utforskar kyrkja, Bibelen, tårnet og kyrkjeklokka.

 

 

Bibelen 
I Bibelen, mysteria si bok, finn agentane både agenttips og forteljingar som hjelper dei å løyse oppdrag. Kanskje får forteljingane ringverknader for både agentane og for andre...

Kyrkja

Kyrkja er full av symbol og spennande rom som er kjekke å undersøkje. Kanskje nokon tør å ta turen heilt opp i kyrkjetårnet?

Invitasjonar vert sende ut.

Velkommen!

Tilbake