Krøllekveld


 

Velkommen til Krøllekveld for 3-åringar. Dette er ei hyggeleg stund i kyrkja for deg og barnet ditt med song, rørsle, forteljing og sosialt samvær. Saman skal me lesa og høyra ei forteljing om ein liten sau som gjekk seg vill. 

 

Kyrkja ynskjer å støtta og hjelpa foreldre og fadrar i å oppdra barnet i den kristne trua, slik de sa ja til då barnet vart døypt. Det er dette trusopplæring handlar om. Krøllekveld er difor ein av fleire samlingar kyrkja tilbyr i denne samanhengen.

Gjennom Krøllekvelden ynskjer me å gi foreldre og fadrar lyst til å lesa og reflektera med barna rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen.

Me oppmodar særleg fadrar til å bli med i kyrkja denne dagen.

Invitasjonar vert sende ut.

Velkommen!

Tilbake