Babysong


Babysong og småsong er kjekke samlingar der vaksne og barn syng, speler og dansar i lag.

 

 

BABYSONG PÅ UNDHEIM OG LYE

Babysong er ein del av tilbodet til den opne barnehagen i Undheim kyrkje og Lykkeliten open barnehage på Lye forsamlingshus. Barnehagen på Undheim har ope kvar onsdag (følgjer skuleruta) mellom 10-12, og på Lye annakvar onsdag mellom kl 10-12. Me har babysong kvar gong på Lye og annakvar gong på Undheim. 

Samlinga varer omlag ein halvtime frå kl 1030, og  inneheld blant anna namnesongar, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Songstunda er eit godt høve for foreldre til å få kontakt med barna. Song og musikk er viktig for barnet, og di stemme er den finaste babyen veit.

Velkommen til ei hyggjeleg stund for deg og babyen med song, rørsle og sosialt samver .

Det kostar 10 kroner per vaksen per gong i barnehagen. Pakk med lunsj og kom! 

 

LES MEIR OM LYKKELITEN HER

 

Tilbake